16. mars er den nasjonale strandryddedugnaden Vårryddedagen og i dette høvet arrangerer vi strandryddeaksjon på Eika og Eiksund.
Aksjonen blir arrangert i samarbeid med Runde Miljøsenter, Opplev Runde, Eiksund Bygdelag, Herøy Kajakklubb, Miljøagentane Herøy, Tonehimmel, Naturvernforbundet i Ørsta og Volda og DNT Sunnmøre.
Aksjonen er open for alle og det er områder å rydde som passar for folk i alle aldrar. Opplev Runde stiller med noko lite å bite i og kaffi/saft. På aksjonen blir det utlevert ryddesekkar og hanskar. Planen er å få rydda mest mogleg av Eika og Eiksund.
På aksjonen vil det vere mogleg å delta i loddtrekking for å kunne vinne ei overnatting på Toralfbuda for to personar, sponsa av DNT Sunnmøre. Einaste man må gjere for å delta i konkurransen er å møte opp! I tillegg vil søpla vi samlar inn bli brukt til å lage ein konsert i regi Tonehimmel som skal bli arrangert på Runde Miljøsenter 26. mai
Oppmøtestad blir anten på Eiksund eller Eika, meir nøyaktig posisjon blir annonsert når det nærmar seg.
For meir informasjon sjekk Facebookarrangementet.