Tilbake til alle arrangementer

Barnas Strandryddedag

Bli med på Barnas Strandryddedag ved Eidsviksanden!

Vi inviterer til ein hyggeleg dag med strandrydding ved Eidsviksanden i Haram kommune.
Dette er eit arrangement med hovudfokus på barn, så her står kos og engasjement i sentrum.

Vi tenner bål på stranda, ryddar og kosar oss. Sjøhesten Hippo byr også på sine grøne miljøburgarar til lunsj, og det blir servering av saft til barna og kaffi til dei vaksne, samt kjeks og snacks.

Trykk på delta og les meir om arrangementet her: Barnas Strandryddedag💛💚 | Facebook

Dette er eit samarbeid mellom Sjøhesten Hippo, Sunnmøre Friluftsråd, Knasteriet Forlag og Besteforeldrenes Klimaaksjon, Ålesund og omegn.

Forrige
Forrige
13. september

Strandryddeveka 2024

Neste
Neste
19. september

Fellesryddeaksjon på Lorga