Haustsamling på Smøla
Samlinga hausten 2022 vart arrangert heilt nord i fylket, på Smøla. Her var vi innlosjerte på Eco Camp Norway. Det er ein nedlagt skule bygd om til vandrarheim ved bruk av gjenbruksmateriale og ting som er funnet i fjøra av Mona, dagleg leiar i Plastjegerne og medlem av nettverket, og familia hennar.
Søringane frå fylket kom fram til Eco Camp seint fredags-kveld (etter litt fergetrøbbel) der vi blei tatt godt i mot av Plastjegerane. Laurdagen fekk vi digitalt besøk av Pippip Ferner som viste fram litt av det fantastiske som ho og dei andre i Guerrilla Plastic Movement har laga av søppel. Vi håpar å få til eit spanande samarbeid med dei framover! Vi kunne ikkje sitje inne ei heile helg og tok difor turen til basen til Plastjegerne, og fekk ei interessant omvisning. Der fekk vi blant anna sjå på sorteringssystemet deira, ei imponerande samling av rare funn og utveklse gode idear. So la vi ut i båt for å drive litt strandrydding. Til og med sola stakk fram for å halde oss med selskap. Resten av ettermiddagen og kvelden gjekk til middag og sosialisering. På søndagen blei nettverket sitt første “årsmøte” arrangert før dei langvegsfarande starta på heimreisa.